Tabbe kan gi nye tiltak for å nå klimamål
SSB-feil ga underrapportering.
(NPK-NTB): Ein feil hos Statistisk sentralbyrå har ført til underrapportering av norske klimautslepp. Regjeringa opnar for nye tiltak viss klimamåla dermed står i fare.
SSB melde førre veke at tala for sal av marine gassoljer og autodiesel er retta tilbake til 2012. Berre i 2019 skulle innrapportert mengd ha vore vel 674 millionar liter høgare. Det utgjer i underkant av 1,8 millionar tonn CO2, viser ei grovrekning.
Dersom SSB-tabben gjer at klimamåla står i fare, opnar regjeringa opp for nye tiltak, opplyser statssekretær Kjartan Alexander Lunde (V) i Klima- og miljødepartementet til Skipsrevyen.
– Både omfang og innretning av verkemiddel vil justerast undervegs og ved behov slik at vi når måla, seier Lunde
Oppdaterte utsleppstal som er justert for feilen, kjem i første halvdel av juni. Då blir førebelse utsleppstal for 2020 presentert.
MDG og SV har kravd svar frå klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn om feilen og kva feilen betyr for klimamåla.
(©NPK)
Publisert: 22.04.2021 12:02
Sist oppdatert: 22.04.2021 12:03