Tap for latvisk reiarlag
Nytt nederlag i rettsmaraton om snøkrabbefiske.
NPK-NTB: Noreg vann sak i den internasjonale valdgiftsdomstolen der eit latvisk reiarlag har kravd 5 milliardar kroner fordi dei blir nekta snøkrabbefiske ved Svalbard.
I dommen, som fall rett før juleferien, får Noreg fullt medhald i valdgiftsdomstolen Det internasjonale senteret for løysing av investeringstvistar (ICSID), skriv Rett24.
I saka har det latviske reiarlaget Sia North Star kravd rundt fem milliardar kroner av Noreg.
Striden oppstod då Kystvakta i 2017 stansa fartøyet Senator, som er eigd av Sia North Star, som dreiv snøkrabbefangst utanfor Svalbard. Skipet hadde fått løyve frå EU, men ikkje frå Noreg til å drive fangst. Skipet vart teke i arrest for ulovleg fangst, og kapteinen vart tiltalt.
Sia North Star meinte likevel at dei har rett til å fange snøkrabbar på kontinentalsokkelen på lik linje med norske fartøy, og saksøkte den norske staten.
Sidan då har reiarlaget tapt saker både i Oslo tingrett, Borgarting lagmannsrett og Høgsterett.
Publisert: 04.01.2024 13:35
Sist oppdatert: 04.01.2024 13:35