Kort fortalt
Tapte sak mot bustadmeklar
Retten meinte saka var forelda.
05.01.2022
Kjøparen av ei leilegheit som ikkje var godkjend som bustad, tapte saka mot eigedomsmeklar, skriv Sunnmørsposten.
Saka gjaldt ein bustad i ein bygård i Ålesund sentrum som blei kjøpt for 15 år sidan. Då leilegheita skulle seljast, kom det fram at den ikkje var godkjent og kjøparen gjekk til sak mot eigedomsmeklarfirmaet og forsikringsselskapet deira.
Møre og Romsdal tingrett meinte saka var forelda og har dømt saksøkjaren til å betale 140.000 kroner i sakskostnader for motparten.
Publisert: 05.01.2022 09:41
Sist oppdatert: 05.01.2022 09:42