Kort fortalt

Tareskogane i tilbakegang

Karbonlager i havet blir trua.

01.03.2023

Marine naturtypar tek opp like mykje klimagassar som naturtypar på land. Område i havet står overfor truslar som påverkar karbonlagringa, viser ein ny rapport.

– I Noreg tek skogen opp store mengder klimagassar frå atmosfæren og bidreg til karbonlager på land. Marine naturtypar tek også opp og lagrar mykje karbon. Dei er derfor viktige for livet i havet og for regulering av klimaet på kloden, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Niva har, på vegner av Miljødirektoratet, laga to rapportar om karbonlagring i marine naturtypar i Noreg. Rapportane gir mellom anna kunnskap om kva område og naturtypar som er viktige for langtidslagring av karbon, og om sårbarheit frå menneskelege inngrep.

Ifølgje rapporten har tareskogane hatt ein sterk tilbakegang. I Sør-Noreg kjem av nedgangen hovudsakleg auka mengd næringssalt i kombinasjon med klimaendringar. Den største trusselen mot nordlege tarebestandar er nedbeiting frå kråkebollar.

Publisert: 01.03.2023 11:10

Sist oppdatert: 01.03.2023 11:11

Mer om