Teknologibedrift og daglegvare konkurs
Melde oppbod til tingretten.
Tysdag denne veka er det meldt oppbod for to bedrifter i Møre og Romsdal tingrett.
Teknologibedrifta Ameka i Molde, som er registrert med 11 tilsette er den eine. Firmaet som blei oppretta i 2004 har dei siste åra hatt underskot i i drifta. Gjelda i selskapet var ved utløpet av 2021 på 9,5 millionar kroner.
Eigenkapitalen var tapt i 2020, men i løpet av fjoråret vart det skote inn ny kapital. Det var ikkje nok til å hindre konkurs for Ameka denne veka. Bustyrarer i saka er Roger Sporsheim og første skiftesamling er 4. august.
Tingretten opna tysdag også konkurs i selskapet Al-Yasmin As som har dreve daglegvare på Vestnes. Firmaet blei starta i fjor sommar og har ikkje levert rekneskap for 2021. Bustyrarer i den saka er Anna Reistad og første skiftesamling er 11. august.
Publisert: 14.07.2022 12:00
Sist oppdatert: 14.07.2022 12:02