Aker biomarine drone maritime robotics foto Aker Biomarine 11
DRONEFISKE: Aker Biomarine er mellom dei første som testar ei slik drone i fiske. Foto: Aker Biomarine
Kort fortalt

Testar drone på krillfiske

Aker Biomarine på tokt i Antarktis.

08.01.2024

Aker Biomarine skal no teste ein seks meter lang drone i krillfiske med trålaren «Antarctic Endurance», ifølgje Sunnmørsposten.

Drona er tidlegare testa i Ålesund-området og skal hjelpe det Røkke-eigde reiarlaget med å finne krillen.

– Tanken er at vi lagar ei rute og så sender vi ut dronen. Då kan den leite medan vi fiskar, fortel skipper Johnny Solheim til avisa.

Dronen er bygd av Maritime Robotics i Trondheim som fortel at modellen har under utvikling sidan 2007.

«Antarctica Endurance», har Aker Biomarine trålarane «Saga Sea» og «Antarctic Sea» som no fiskar i Sørishavet.

Les meir om drona her (ekstern lenke)

Publisert: 08.01.2024 09:16

Sist oppdatert: 08.01.2024 10:33

Mer om