NPK: Om lag 60 psoriasis-pasientar i Hordaland skal no prøve om ein medisin basert på silderogn kan hjelpe dei.
Sildeproduktet Psorax35, som er utvikla av gründerbedrifta Arctic Nutrition i Ørsta, er meint for dei som er mildt eller moderat plaga av sjukdomen.
Den kliniske studien, der ein no går ut og skal hente pasientar frå Hordaland, er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Haukeland universitetssjukehus og Arctic Nutrition. Pasientane som skal vere med i studien som varer i 32 veker, må tilfredsstille ei rekke kriterium for at effekten av medisinen blir målt riktig.
Etter at medisinen er testa i vestlandsfylket, skal han også testast i fleire land før medisinen eventuelt kan kome på marknaden.
– Vi har funne noko i silderogna som verkar betennelsesdempande. Essensen i det vi tek ut, liknar innhaldet i fiskeegg. Så langt har vi sett at medisinen ikkje verkar på alle, men på veldig-veldig mange. Derfor har vi store ambisjonar om å få dette ut på marknaden til store grupper av psoriasis-pasientar, seier marinbiolog og dagleg leiar i Arctic Nutrition Hogne Hallaråker til Bergens Tidende.

Publisert: 19.11.2019 19:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41