Kort fortalt

Testing i staden for karantene

Innreisekarantene blir også droppa.

24.01.2022

(NPK-NTB): Smittekarantene på ti døgn kan erstattast med dagleg testing for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære av koronasmitta. Også reglane for innreisekarantene blir endra.

Forskriftsendringa gjeld frå og med midnatt, natt til 26. januar, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding.

– Svært mange blir no sitjande i karantene. Smittesituasjonen har ført til eit kritisk behov for å setje i verk justeringar av både prioriteringar og reglar for teststrategi, karantenereglar og bruk av PCR-kapasiteten. Det hastar å gå over til eit testregime som erstatning for karantene, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader, er halde unna smittekarantene.

I tillegg blir dei særskilde unntaka som gjeld for mellom anna personell i kritiske samfunnsfunksjonar ført vidare.

Dette er dei nye reglane

Smittekarantene på ti døgn kan erstattast med:

* Dagleg testing i fem døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

* Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smitta i isolasjonsperioden, kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i elleve døgn (seks døgn i den smittedes isolasjonsperiode + fem døgn etter dette). Dette gjeld òg barn.

* I tillegg til testregime blir det tilrådd å bruke munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store samankomstar og arrangement i ti døgn etter nærkontakten. Tilrådinga om å bruke munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, skulebarn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.

* Følg med på eventuelle symptom under heile perioden.

* Ved symptom skal ein halde seg heime og teste seg.

Personar som ikkje følgjer testregimet, må vere i karantene i ti døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test teke tidlegast sju døgn etter siste nærkontakt, skriv departementet.

Auka behov for testar
Som følgje av endringa og ein sannsynleg kraftig auke i talet på smitta ventar regjeringa at behovet for sjølvtestar vil auke.

– Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har utarbeidd råd om prioritering av testar for kommunar, desse vil bli kommuniserte ut til kommunane. Eg har òg bede om at Helsedirektoratet startar ein innkjøpsprosess av fleire sjølvtestar, seier Kjerkol.

Sjølvtestar som blir nytta for å erstatte smittekarantene, skal tilbydast gratis av kommunen.

– Fleire kommunar har ikkje fått så mange testar på grunn av forseinka leveransar til landet. Samtidig er det mange kommunar som melder at dei både er klare for og har eit sterkt behov for å gå over til eit testregime som erstatning for karantene.

Opphevar innreisekarantene
Regjeringa kunngjorde samtidig måndag at dei òg avviklar kravet om innreisekarantene for personar utan gyldig koronasertifikat. Dei meiner kravet ikkje lenger er smittevernfagleg nødvendig.

I dag må personar som kjem til Noreg frå eit område med karanteneplikt, og ikkje kan dokumentere at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 med gyldig koronasertifikat, i innreisekarantene.

I ei pressemelding skriv Helse- og omsorgsdepartementet at Folkehelseinstituttet (FHI) har tilrådd dette til regjeringa. FHI viser til at reisande "utan koronasertifikat" utgjer 7 prosent av dei registrerte reisande, og 4 prosent av smittetilfella.

Også denne endringa trer i kraft ved midnatt 26. januar.

Publisert: 24.01.2022 19:43

Sist oppdatert: 24.01.2022 19:47

Mer om