Kort fortalt
Ti Ekornes-tilsette i karantene
Ingen har til no fått påvist koronasmitte.
23.02.2021
Ti tilsette hos Ekornes i Sykkylven er sett i karantene, etter at ein av tilsette var i nærkontakt med ein koronasmitte, melder Sunnmørsposten.
Så langt har ingen av dei ti fått påvist koronasmitte, fortel produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad hos møbelprodusenten.
– Ein av våre tilsette var på jobb her laurdag. Etterpå fekk vedkomande vite at ein person vedkommande hadde vore i kontakt med fredag hadde fått påvist smitte, og vedkommande måtte difor i karantene. Vi bestemte då at alle dei ni som vedkomande hadde arbeidd i nærleiken av laurdag også skulle gå i karantene, fortel Ramstad til avisa.
Publisert: 23.02.2021 15:08
Sist oppdatert: 23.02.2021 16:38