Kort fortalt

Tidlegare bedriftsleiar tiltalt etter konkurs

Skulda for brot på skattelova.

12.10.2023

Ein tidlegare styreleiar og dagleg leiar i eit selskap er tiltalt for brot på skattelova, ifølgje Sunnmørsposten.

Mannen skal ikkje ha sørga for å sette av pengar til trekk av forskotsskatt og halde dei skilt frå resten av verksemda – som gjekk konkurs i fjor.

Saka skal opp for Møre og Romsdal tingrett i januar. Då vil det bli lagt ned påstand om erstatning på drygt 640.000 kroner til skatteetaten, ifølgje avisa.

Publisert: 12.10.2023 16:27

Sist oppdatert: 12.10.2023 16:27

Mer om