Kort fortalt

Til søksmål mot Fjord1

Vil ha jobbane tilbake.

30.08.2021

To erfarne ferjekapteinar har saksøkt Fjord1 og krev jobbane sine tilbake, etter at dei blei sagt opp tidlegare i år, skriv Sunnmørsposten måndag.

Det er Sogn og Fjordane tingrett som denne veka behandlar saka. Dei tidlegare ferjekapteinane blei oppsagt i mars, og krev erstatning i tillegg til at oppseiingane blir kjent ugyldig.

Striden står om ei ordning med delte stillingar, som dei to skipsførarane fekk innvilga. Saksøkarane meiner at dei på tidspunktet då oppseiingane kom, halvanna år etter ordninga blei gjort permanent – med unntak for skipsførarar, at dei var gått over i etablerte faste stillingar.

Fjord1 viser til at det var ei prøveordning og at det låg i korta at den kunne bli avvika, og at endringa samtidig er gjort «skånsamt over tid», skriv avisa og viser til sluttinnlegga frå partane.

Publisert: 30.08.2021 11:50

Sist oppdatert: 30.08.2021 11:52

Mer om