Kort fortalt

Tilbake i spoten etter spesialoppdrag

Island Valiant hjelpte Forsvaret.

18.03.2019
Ankerhandteraren Island Valiant er tilbake i spotmarknaden etter ei oppgåve utanom det vanlege. Island Valiant har nemleg vore støttefartøy under heile prosessen med hevinga av fregatten KNM Helge Ingstad, og kunne melde om over nitti personar til bords første døgnet.
Dette skriv Island Offshore på sin Facebook-side.
Island Valiant låg kloss inntil fregatten ved Håkonsvern, med dekket fyllt opp av brakker og konteinerar der utstyr og komponentar frå fregatten vart registrert og preservert av personell frå Forsvaret.
Båt og mannskap har alt motteke ein flott plakett frå Forsvaret som takk for innsatsen, vert det opplyst.

Publisert: 18.03.2019 07:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35