Kort fortalt

Tilliten til Stortinget er svekt

Smell på måling etter pendlarbustadsakene.

03.01.2022
(NPK-NTB): Tilliten til Stortinget har falle frå 78 prosent i juni til 69 prosent seint i desember. Ekspertane trur omdømmesmellen etter pendlarbustadsakene kan bli varig.


Stortinget var blant vinnarane då Respons Analyse presenterte det årlege tillitsbarometeret under Arendalsveka. Berre dei ideelle organisasjonane oppnådde høgare tillit enn skåren på 78 prosent til nasjonalforsamlinga.

Ei fersk måling Norstat har gjort for Vårt Land , viser at folks tillit til Stortinget no er nede på 69 prosent. Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning ser nedgangen i samanheng med pendlarbustadsakene.

– Det er naturleg å sjå ein slik tilbakegang ut frå skandalane knytt til pendlarbustader og den merksemda som desse sakene har fått. Merksemda har openbert ikkje vore positiv for Stortingets renommé, seier han.

Stortinget har starta sin eigen ryddesjau, men omdømmeforskar Peggy Scimic Brønn meiner det kan bli krevjande å vinne tilbake tilliten.

– Tillit er utruleg vanskeleg å rette opp igjen når han først er broten, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 03.01.2022 09:55

Sist oppdatert: 03.01.2022 09:56

Mer om