Tilrår ikkje hytte-til-hytte-påske
Råd og reglar for påskeferien.
(NPK-NTB): Påsketur frå hytte til hytte blir ikkje tilrådd i år sidan det inneber betydeleg auka risiko for smittespreiing.
Helseminister Bent Høie (H) og justisminister Monica Mæland (H) la fram råd og reglar for påskeferien fredag, på dagen eitt år etter at regjeringa først innførte strenge smitteverntiltak.
– Sjølv om reiser til fritidseigedommar i Noreg ikkje blir sett på som nødvendige, kan folk dra på hytta i påska viss dei tek ekstra smittevernomsyn. Vi tilrår då å gjere innkjøpa på førehand, unngå kollektivtransport viss det er mogleg og å halde avstand til andre, seier Høie.
Han tilrår at folk har færre kontaktar enn vanleg, og at møte og aktivitetar skjer utandørs.
(©NPK)
Publisert: 12.03.2021 13:31
Sist oppdatert: 12.03.2021 13:33