Kort fortalt

Tilsette uroa etter konkurs

– Har ikkje fått løn på fleire månader.

02.06.2022
Latviske Arvis Artis Cerinsj, som har vore tilsett i det konkursråka selskapet Takservice AS i Ørsta fryktar han ikkje får pengane han har til gode, skriv avisa Møre-Nytt.

– Eg har ikkje fått løn på fleire månader, seier han til avisa og seier dei andre arbeidarane er uroa for det same.

Dei er no tilsette i enkeltpersonføretaket GJ Trading, som er eigd av styreleiar i Takservice, Gints Jirgensons.

Han viser til bustyrar, Thore Heggen for lønnskrava mot det konkursråka selskapet. Advokaten fortel til avisa at han jobbar med å samle inn lønnskrava, som vil bli søkt dekt via lønnsgarantiordninga.

Publisert: 02.06.2022 16:43

Sist oppdatert: 02.06.2022 16:44

Mer om