Kort fortalt

Tingretten i Volda til sals

Vil ha 5,46 millionar for bygget der domstolen var tidlegare.

31.01.2024

Statsbygg har lagt ut bygget der tingretten i Volda heldt til tidlegare, ifølgje Sunnmørsposten.

Staten kjøpe eigedommen i 1905 og oppførte kontorbygg og bustad for sorenskrivaren på staden.

– Dette er jo eit eventyr av ein eigedom. Her kan du bli kongen på haugen, seier næringsmeklar Odd-Arild Støbakk Sæther hos EiendomsMegler1 til avisa.

Han trur likevel det vil vere enklare å selje, om ein kan få omregulert til bustad. Eigedommen som er regulert til private og offentlege tenester, har eit verna uteareal. Prisantydinga er 5,46 millionar kroner.

Publisert: 31.01.2024 10:03

Sist oppdatert: 31.01.2024 10:03

Mer om