Kort fortalt

Tipstrekk til Høgsterett

Kan arbeidsgivar trekkje i tips til tilsette for å dekkje auka kostnader?

21.11.2022

Det spørsmålet skal Høgsterett ta stilling til i januar.

Bakgrunnen for saka er at tilsette på Hotel Bristol i Oslo og Oslo Plaza Hotel har saksøkt arbeidsgivaren for det dei meiner er ulovlege trekk i tips, med krav om erstatning for tapet, skriv FriFagbevegelse.

Dommen i Høgsterett kan få konsekvensar for heile arbeidslivet. Viss dei tilsette får medhald, vil Høgsterett ha slått fast eit prinsipp om at tilsette skal behalde tipsen dei får, utan at arbeidsgivar forsyner seg av han.

– Kostnader pålagde arbeidsgivarar av det offentlege skal ikkje veltast over på tilsette, meiner LO-advokat Håkon Angell, som saman med Fredrik Wildhagen fører saka for dei tilsette og Fellesforbundet.

Får dei tilsette medhald kan heiltidstilsette servitørar i dei to hotella sjå fram til rundt 1.000 kroner meir i tipsinntekt i månaden.

Ei avgjerd i favør av arbeidstakarane vil få konsekvensar for langt fleire arbeidsgivarar. Rundt 260 av medlemsbedriftene i NHO Reiseliv svarte i ei undersøking i fjor at dei har slike trekkordningar. Det utgjer 55 prosent av medlemsmassen.

Høgsterett behandlar saka 10. og 11. januar.

Publisert: 21.11.2022 16:13

Sist oppdatert: 21.11.2022 16:14