Kort fortalt

To av tre bedrifter slit med å skaffe folk

Mest vanskeleg å få it- og ingeniørkompetanse.

23.01.2024

(NPK-NTB): Meir enn to av tre bedrifter, 69 prosent, seier dei slit med å få tak i folk med rett kompetanse til ledige stillingar, melder Dagens Næringsliv.

It- og ingeniørkompetanse toppar lista over kompetanse bedriftene har problem med å skaffe seg.

Så seint som i 2016 svarte berre 16 prosent av norske bedrifter at dei hadde utfordringar med å fylle ledige stillingar på grunn av mangel på rett kompetanse.

Sidan har andelen skote i vêret, og det toppa seg i fjor då 74 prosent av bedriftene svarte det same. Det kjem fram i ManpowerGroups årlege kompetanseundersøking. No har andelen falle litt til 69 prosent.

– Det er ein dramatisk situasjon for bedriftene som ikkje klarer å finne folka dei leitar etter. Dei kan ende med å setje prosjekt på vent eller skalere ned produksjonen., seier Maalfrid Brath, konsernsjef i ManpowerGroup i Noreg til Dagens Næringsliv.

(©NPK)

Publisert: 23.01.2024 08:31

Sist oppdatert: 23.01.2024 08:31

Mer om