Kort fortalt

To mrd. ekstra til forsvarsindustrien

Regjeringa aukar produksjonskapasiteten.

17.01.2024

(NPK-NTB): Regjeringa set av to milliardar til kroner til å auke produksjonen av artilleriammunisjon ved Nammo og andre prosjekt i forsvarsindustrien.

Regjeringa vil finansiere dei to milliardane gjennom Nansen-programmet, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram skal besøkje Nammo-fabrikken på Raufoss onsdag formiddag.

– Krigen i Ukraina har skapt ein situasjon der det er behov for store mengder ammunisjon. Regjeringa bidreg derfor med kraftfulle tiltak slik at norsk forsvarsindustri kan produsere meir, seier Støre.

Frå før har regjeringa sett av om lag ein milliard kroner til å auke produksjonskapasiteten for ammunisjon og missil i eit samarbeid med EU.

Publisert: 17.01.2024 10:50

Sist oppdatert: 17.01.2024 10:52

Mer om