Kort fortalt

To nye konkursar i bygg og anlegg

Ålesund-selskap melder oppbod.

Marius Rosbach
20.11.2023

Møre og Romsdal tingrett har måndag opna konkurs i selskapa Tid Entreprenør og Domus Group.

Begge er oppført å drive bygg og anleggsbransjen og begge er heimehøyrande i Ålesund.

I Tid Entreprenør er verksemda framleis i gong med fire tilsette. Gjelda skal vere på kring to millionar og verdiane på drygt 90.000 kroner, ifølgje rettspapira.

Firmaet hadde ei omsetning på 3,5 millionar i 2022, og drifta gjekk i minus med kring 460.000 kroner.

Bjørn-Ivar Borgund er bustyrar for saka og første skiftesamling skal vere 8. januar 2024.

NETT NO hadde måndag ikkje tilgang til avgjerda til tingretten for Domus Group. Firmaet blei starta i januar 2022 og har ikkje levert årsrekneskap endå.

Bustyrar for denne saka er Axel Villads Lange og første skiftesamling skjer 8. januar neste år.

Publisert: 20.11.2023 18:58

Sist oppdatert: 20.11.2023 18:58

Mer om