Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

To nye konkursar i bygg- og anlegg

Men betydeleg færre konkursar i bransjen samanlikna med i fjor.

Marius Rosbach
22.09.2025

Sunnmøre tingrett opna fredag konkurs i to nye firma i bygg- og anlegg. 

Snikkarfirmaet Jossi Bygg med adresse i Ålesund hadde tre tilsette då dei melde oppbod til tingretten. 

Gjelda i selskapet var på 950.000 kroner og verdiane på drygt 500.000 kroner fekk retten opplyst. Firmaet blei starta i 2021 og har hatt negativ eigenkapital i fleire år. Bustyrar for konkursen er  Linda Brevik og første skiftesamling er planlagt 27. oktober. 

Langevåg-selskapet Alphapipe melde óg oppbod til tingretten som opna konkurs før helga. Firmaet som har drive med rehabilitering og røyrleggartenester, har hatt negativ eigenkapital i fleire år. Bustyrar i denne saka er advokat Christian Garmann og første skiftesamling er planlagt 21. oktober. 

Så langt i år er det opna konkurs i 34 selskap i bygg- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal.

Det er ein betydeleg nedgang frå i fjor på same tid. Då var det opna konkurs i 43 selskap i fylket. 

Bygg- og anleggsbransjen har i fleire år toppa konkursstatistikkane med flest selskap som har kasta inn handkleet. 

Publisert: 22.09.2025 14:52

Sist oppdatert: 22.09.2025 14:52

Mer om