Kort fortalt

To nye prosjekt kan bli elektrifiserte

Vil elektrifisere fleire plattformer med havvind.

NPK
26.04.2022

Equinor er først ute med å elektrifisere oljeplattformer med havvind. Snart kan dei få følgje av to andre prosjekt.

Hywind Tampen-prosjektet til Equinor skal fullførast i år. Det er 11 turbinar på til saman 88 megawatt som skal forsyne Gullfaks- og Snorre-felta i Nordsjøen med straum. Etter dette kan Brage-feltet og Ekofisk sør stå for tur, melder Stavanger Aftenblad/E24.

Wintershall Dea er største eigar av Brage-feltet i Nordsjøen, 125 kilometer vest for Bergen. Saman med partnarane Lime Petroleum, DNO Norge, Vår Energi og Neptune Energy vurdere dei no å forsyne plattforma frå to havvindturbinar.

Selskapa har knapt med tid, for utvinningsløyvet til Brage går ut alt i 2030. Dei har som mål å få turbinane på plass seint i 2024 eller tidleg i 2025, slik at utslepp kan kuttast dei siste åra plattforma produserer.

– VI går gjennom dei felta vi har og ser kva moglegheiter som finst for å få til utsleppsreduksjonar. På grunn av levetida til Brage vil ikkje kabel frå land løne seg. Derfor ser vi på om det er mogleg med eit par vindturbinar, seier Kjetil Hjertvik, informasjonssjef i Wintershall Dea.

(©NPK)

Publisert: 26.04.2022 11:56

Sist oppdatert: 26.04.2022 11:57

Mer om