(NPK): Kystverket har så langt brukt 290 millionar kroner på førebuinga til Stad skipstunnel.
Stortinget vedtok i 2021 at dersom prisen på skipstunnelen overstig fem milliardar kroner, målt i 2021-verdi, må prosjektet tilbake for ny handsaming. Kystverket har fått tilbod frå tre entreprenørar, men prisane ligg godt over den vedtekne maksramma.
Sidan oppdraget om Stad skipstunnel blei gitt i 2021 har pengane gått til mellom anna grunnerverv, geologiske undersøkingar, og prosjektering, skriv Fjordabladet.
– Sidan vi fekk oppdraget i 2021 og fram til no er det påløpt om lag 290 millionar kroner i prosjektet, seier Sveinung Nedregotten frå Kystverket til avisa.
Les også
Prosjektet er no klart for gjennomføring, men manglar framleis restfinansiering. Entreprenørar som deltek i anbodskonkurransen, men ikkje vinn, vil få ein kompensasjon på opptil 7,5 millionar kroner.
Om regjeringa i statsbudsjettet i oktober seier nei til å gå gjennom med skipstunnelen med tilvising til at prisen ligg utanfor den vedtekne kostnadsramma, kan det vere slutten for prosjektet.
(©NPK)
Publisert: 18.08.2025 12:12
Sist oppdatert: 18.08.2025 12:29






