Tok den første makrellstørja i år
Ålesund-båt tok fisk på rundt 300 kilo.
(NPK): Fredag landa mannskapet på M/S «Tare» årets første makrellstørje utanfor kysten av Sunnmøre.
M/S «Tare» maed base i Ålesund er er ein av båtane som er godkjende for å drive kommersielt fiske på makrellstørje i gruppa småskala kystfiske. Fisken dei landa var på 270 centimeter, skriv Sunnmørsposten.
– Når ein sånn bestemmer seg for å ta agnet er adrenalinet aldri langt unna! Størja var 270 centimeter lang og hadde ei rundvekt på rundt 300 kilo. Fisken tok på ein blekksprutimitasjon, også kalla «spreader bar». Den tok raskt 500 meter snøre i eitt utras, og vi brukte rundt 20 minutt på å lande han, seier Thomas Tangen Flem på M/S «Tare».
Ifølgje Sunnmørsosten er det tredje året på rad at M/S «Tare» landar den første makrellstørja i Noreg.
(©NPK)
Publisert: 14.08.2023 10:02
Sist oppdatert: 14.08.2023 10:02