Kort fortalt

Tok ut millionlønn før konkurs

Slutt for Ulstein-selskap.

25.05.2022

Møre og Romsdal tingrett opna denne veka konkurs i selskapet Pat Project Consultants i Ulstein. Selskapet blei starta i 2019 og har dreve teknisk konsulentverksemd.

Firmaet hadde i 2020 ei omsetning på drygt 3,1 millionar og eit overskot på kring ein halv million. Rekneskapa viser også at dagleg leiar hadde ei årsløn på nær 1,5 millionar.

Ingen frå selskapet møtte i retten då kravet frå skattestyresmaktene på om lag 350.000 kroner var til behandling.

Bustyrar Erling Flisnes fortel til Sunnmørsposten at det ikkje har lukkast å kome i kontakt med dagleig leiar, og at det er for tidleg å uttale seg om saka elles.

Publisert: 25.05.2022 14:44

Sist oppdatert: 25.05.2022 14:46

Mer om