Kort fortalt

Tolv nye smittetilfelle i Ålesund

Eitt tilfelle er frå innreise frå utlandet.

30.07.2021

Torsdag registrerte Ålesund kommune tolv nye smittetilfelle med korona.

Eitt tilfelle er knytt til innreise frå utlandet. Vedkommande var allereie i karantene og er overført til isolasjon, skriv kommunen på nettsidene sine.

To tilfelle er nærkontaktar til smitte frå annan kommune, medan åtte tilfelle er knytt til eit utbrot som har utspring i innanlands feriereise og sosiale samankomstar.

Det siste tilfellet blir mistenkt å stamme frå reise i ein annan kommune.

Det er gjennomført smittesporing, og nærkontaktar er i karantene.

Publisert: 30.07.2021 11:47

Sist oppdatert: 30.07.2021 11:49

Mer om