Kort fortalt

Tommel opp for oljeleite-støtte

ESA frikjenner norsk ordning for oljenæringa.

20.03.2019
NPK-NTB: Den norske leiterefusjonsordninga for oljeindustrien utgjer ikkje statsstøtte, har EØS-tilsynet ESA avgjort.
Organet har no avslutta den innleiande undersøkinga si av ei klage mot ordninga.
– ESAs konklusjon er at den årlege tilbakebetalinga av skatteverdien på kostnader som oppstår i leitefasen av petroleumsutvinning, såkalla leiterefusjon, ikkje utgjer statsstøtte, skriv tilsynet i ei pressemelding onsdag.
I samsvar med norske lover kan selskap med skattbar inntekt trekke frå kostnadene ved leiting, eit nødvendig skritt på vegen mot petroleumsutvinning.
Oljeselskap som ikkje har skattbar inntekt, kan framføre slike tap med rentekompensasjon til seinare år, eller be om ei årleg tilbakebetaling tilsvarande skatteverdien av desse kostnadene.
Det var Bellona som klaga leiterefusjonsordninga inn for ESA. Miljøstiftinga meiner ordninga utgjer ulovleg statsstøtte ved at ho gir selektive fordelar til enkelte føretak.
– Dette bidrar til at staten tar ein enorm risiko ved å stimulere til auka leiting etter olje og gass i ei tid då dette vil bli mindre og mindre lønnsamt å produsere, sa Bellonas Frederic Hauge i ein kommentar til klaga hausten 2017.
Men ESA konkluderer med at tiltaket ikkje er selektivt sidan det er tilgjengeleg for alle selskap på lik linje. Eit tiltak blir ikkje rekna som statsstøtte etter EØS-reglane, viss det ikkje er selektivt, heiter det frå ESA onsdag.

Publisert: 20.03.2019 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35