I Møre og Romsdal rauk ein 115 år gammal nedbørsrekord torsdag, medan det torsdag og fredag vart sett nye varmerekordar fleire stader på Austlandet.
Torsdag vart det sett ny nedbørsrekord for januar med heile 153,1 millimeter i Tomrefjord i Vestnes i Møre og Romsdal, ifølgje nettstaden Vêr og Vind.
Dermed rauk den 115 år gamle rekorden frå Halsafjord i Tingvoll på Nordmøre, som var på 140,0 millimeter og vart sett 9. januar 1907.
I Oslo vart det registrert 12,1 grader på vêrstasjonen på Hovin klokka 22 torsdag kveld, medan Gulsvik i Flå kommune i Viken målte 13,2 grader klokka fire natt til fredag, skriv VG.
Vakthavande redaksjonsmeteorolog Unni Nilssen ved Meteorologisk institutt seier til avisa at det kan ha vore opptil 14 grader fleire stader, men at meteorologane framleis arbeider med å verifisere det.
Ifølgje Dagbladet vart det meldt om 12,3 grader ved Svenner fyr i Vestfold og Telemark natt til fredag. Det vart òg sett ny rekord ved Færder fyr, på 11 grader.
Fram til torsdag ettermiddag hadde ekstremvêret Gyda allereie sørgd for 20 nye januarnedbørsrekordar på Vestlandet og i Midt-Noreg, ifølgje Meteorologisk institutt.
Publisert: 14.01.2022 10:53
Sist oppdatert: 14.01.2022 10:54