Kort fortalt

Torsk likar snøkrabbe

Torsken har utvida menyen.

08.11.2019
NPK: Sild, lodde og polartorsk er på menyen til torsken. Men no når snøkrabben er etablert i Barentshavet, beitar han like gjerne på krabben.
Den første registrerte snøkrabben i Barentshavet vart teken i trålfiske etter torsk i 1996. Deretter har bestanden auka kraftig. No er snøkrabbe både blitt mat for andre bestandar – og den er ein ressurs for fiskeflåten, fortel på nettsidene sine.
– Den første snøkrabben i torskemagar blei funne i 2003, men det var ikkje før i 2010 at ein kunne seie at snøkrabbe var på menyen til torsk. Mengda snøkrabbe i kosthaldet til torsken auka ganske raskt frå 2010 til 2014. I fjor utgjorde snøkrabben fem prosent av dietten til den største torsken, seier havforskar Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet.
Det er først og fremst artane sild, lodde og polartorsk som nyt godt av at snøkrabben har kome til Barentshavet.
– Desse tre artane har alltid vore ein viktig del av kosthaldet til torsken. Den er ein rovfisk som et det meste, og dermed forsyner torsken seg med snøkrabbe når den er tilgjengeleg. Då et torsken litt mindre sild, lodde og polartorsk enn vanleg. Det reduserte beitepresset er faktisk så betydeleg at det vert merka på bestandane av alle tre artane, seier Cecilie Hansen ved Havforskingsinstituttet

Publisert: 08.11.2019 10:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32