Kort fortalt

Torskefiskarar på etterskot

Sjarkflåten slit med å få opp torskekvoten.

23.04.2021

NPK: Tal frå Norges Råfisklag fortel at spesielt sjarkflåten får utfordringar med å lande årets torskekvotar før sesongen er over. Meir enn 1.300 sjarkar har minst halve torskekvoten igjen å fiske, skriv Fiskeribladet.

Oversikta til salslaget viser at i lukka gruppe under 11 meter og open gruppe er det akkurat no 1.320 båtar som enno har 50 prosent eller meir av kvoten igjen å fiske. I fjor var tilsvarande tal 758.

I motsett ende av statistikken er 693 båtar i dei same to gruppene ferdige eller har mindre enn 10 prosent av torskekvoten igjen, medan 1.588 båtar var i same posisjon på same tid i fjor.

– Desse tala er av fleire grunner ikkje heilt samanliknbare. Kvotane er i utgangspunktet høgare i år, og deltaking og driftsopplegg for den enkelte kan vere forskjellig. Men tendensen er heilt klar: Mange i den minste flåten har hatt ein vanskeleg vintersesong, fortel rådgivar Einar Mortensen i Råfisklaget, til Fiskeribladet.

Mange fiskarar håpar det skal gå an å overføre noko av kvoten som står att til neste år.

Publisert: 23.04.2021 08:21

Sist oppdatert: 23.04.2021 08:22