(NPK-NTB): Journalsystemet Helseplattforma får totalslakt av Riksrevisjonen i ein rapport som blir lagd fram torsdag, skriv Sunnmørsposten.
Den overordna vurderinga frå Riksrevisjonen er at innføringa av Helseplattforma i Helse Midt-Noreg er «sterkt kritikkverdig», som er den sterkaste forma for kritikk dei opererer med, skriv Sunnmørsposten, som har fått tilgang til rapporten.
Lista over kritikkverdige forhold er lang:
- Trua pasienttryggleik: Innføringa ved St. Olavs hospital og i Trondheim kommune har sett pasienttryggleiken i fare.
- Redusert effektivitet: Effektiviteten i pasientbehandlinga er redusert, ikkje forbetra.
- Urealistisk budsjettering: Budsjetta var ikkje realistiske frå starten av.
- Auka kostnader: Innføringa har vorte dyrare enn føresett, og dei framtidige kostnadene er usikre
– Journalsystema bør vere lette å lære å bruke, heiter det i rapporten. Det har slett ikkje vore tilfellet, verken ifølgje undersøkingane Riksrevisjonen har gjort, eller tilbakemeldingane frå tilsette ved sjukehusa. Riksrevisjonen meiner at det gjekk gale allereie frå første «spadetak», lenge før St. Olavs hospital tok Helseplattforma i bruk i november 2022.
Ifølgje rapporten var førebuingane for dårlege, opplæringa mangelfull, brukarvennlegheita for dårleg, og det oppstod svært mange tekniske feil.
NTB har kontakta Helse Midt-Noreg som via kommunikasjonsavdelinga opplyser at dei ikkje kan kommentere saka før etter pressekonferansen torsdag. Då vil både administrerande direktør Jan Frich og styreleiar Odd Inge Mjøen i Helse Midt-Noreg vere tilgjengelege for intervju.
Publisert: 24.10.2024 08:25
Sist oppdatert: 24.10.2024 08:25