Kort fortalt

Trappar ned kompensasjonsordning

Går tilbake til før-korona-vilkår.

23.09.2021

NPK-NTB: Den vil vare ut oktober 2021, men i ein ytterlegare nedtrappa versjon i tilskotsperioden september/oktober 2021, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Regjeringa endrar òg krava for støtte. Terskelen for omsetningsfall blir heva frå 30 til 40 prosent, og utrekningsformelen blir justert.

– Aktiviteten i økonomien har teke seg kraftig opp dei siste månadene. Etter kvart som gjenopningsplanen til regjeringa blir gjennomført, vil bedriftene som har vore ramma òg gradvis kunne auke aktiviteten til eit meir normalt nivå. Det er framleis bransjar som slit med etterverknader av pandemien, og kompensasjonsordninga vil derfor vare ut oktober, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Som del av revidert nasjonalbudsjett, som vart vedteke i juni, har regjeringa forlengt den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet.

Regjeringa bad om å forlengje ordninga fram til 1. november, men bad òg Stortinget om å få fullmakt til å avvikle ordninga så tidleg som i september dersom gjenopninga av samfunnet hadde komme langt nok.

Publisert: 23.09.2021 11:24

Sist oppdatert: 23.09.2021 11:30