NTB Zw2 VT0mj7 W4 1
AUKE: Norge eksporterte sjømat for 13,3 milliardar kroner i februar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Kort fortalt

Tre år på rad med eksportrekord

Auka eksportverdi kvar månad sidan februar 2021.

05.03.2024

NPK-NTB: Noreg eksporterte sjømat for 13,3 milliardar kroner i februar, 3 prosent meir enn i 2023.

– Takka vere stor verdivekst for laks, aure, torsk og snøkrabbe vart eksportverdien i februar løfta til eit historisk høgt nivå, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

– Verdien på norsk sjømateksport har no auka kvar månad i tre år, noko som aldri har skjedd før, seier han.

Sist det var nedgang i eksportverdien var i februar 2021.

Chramer peikar på global prisvekst, god etterspurnad i sjømatmarknaden og ei svak norsk krone som nokre av årsakene til verdiveksten.

I februar var Europa framleis den viktigaste marknaden for norsk sjømat, med 67 prosent av eksporten målt i verdi. Deretter følgjer Asia (22 prosent) og USA (8 prosent).

Publisert: 05.03.2024 06:51

Sist oppdatert: 05.03.2024 06:51