Tre av fem private barnehagar går med overskot
I fjor gjekk 59 prosent av private barnehagar med overskot, og samla var dette på 870 millionar kroner. Det er ein reduksjon frå tidlegare år.
Overskotet frå 2022 er 129 millionar kroner lågare enn året før, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. 10 prosent av overskotet vart overførte som utbytte til eigarane, og 65 prosent vart overførte til eigenkapitalen til barnehagane.
Det er totalt 2690 private barnehagar i Noreg, og av desse var det 1577 som gjekk med overskot i fjor. Til liks med resultata for 2020 og 2021 er det ein nedgang i andelen barnehagar som går med overskot.
Det var 106 færre private barnehagar i fjor samanlikna med året før. Sidan 2018 har 280 private barnehagar lagt ned. 45 prosent var eigde av eit konsern eller aksjeselskap i 2022, medan 23 prosent var foreldreeigde.
– Talet på private barnehagar som var eigd av eit konsern eller aksjeselskap har vorte redusert med 24 barnehagar sidan 2021, og 113 sidan 2018, seier seniorrådgivar Elisabeth Haraldsrud i SSB.
Publisert: 20.11.2023 08:55
Sist oppdatert: 20.11.2023 08:55