Kort fortalt

Tre cruiseskip snudda grunna vind

Kjem likevel ikkje til Ålesund.

10.10.2022

Tre cruiseskip som skulle kome til Ålesund måndag og tysdag har gitt melding om at dei ikkje kjem, skriv NRK Møre og Romsdal.

Kraftig vind er årsaka, fortel dagleg leiar Monica Berstad Mæland i Ålesundregionens Cruisenettverk.

Mellom anna gjaldt det cruiseskipet Aidaperla som skulle kome tidleg måndag. Skipet snudda utanfor Godøya og er ved 11-tida på veg sørover utanfor Stad.

Publisert: 10.10.2022 11:15

Sist oppdatert: 10.10.2022 11:16

Mer om