Kort fortalt

Tre forslag til nytt Volda-kvartal

La fram teikingar for utbygging av Aasenkvartalet.

Marius Rosbach
15.03.2022

Tre arkitektkontor har fått tilbod om å levere forslag i plan- og designkonkurranse for Aasenkvartalet, ifølgje ei melding frå Volda kommune.

Dei tre kontora er Ratio Arkitekter, Fabel Arkitekter og NSW Arkitektur.

Forslaga som er utarbeida viser skisser for første byggetrinn. Det skal vere eitt bygg på kring 10.000 kvadratmeter som skal etablerast der dagens «Ivar Aasen-bygg» ligg. I tillegg viser forslaga skisser av utbygging og fasadar for ei potensiell vidare utvikling av heile området gjennom byggetrinn to og tre. Desse byggetrinna har eit lengre tidsperspektiv for eventuell realisering.

Utkasta vil bli evaluert av ein eigen jury som vil foreta ei heilskapsvurdering. Dei tre innkomne forslaga er anonyme til juryen har ferdigstilt si evaluering av forslaga. Seinare skal Volda Utvikling gjere ei tildeling av kontrakt til ein av utbyggarane.

Publisert: 15.03.2022 12:55

Sist oppdatert: 15.03.2022 12:57

Mer om