Kort fortalt

Tredobling av Noregs handelsoverskot

08.07.2022

(NPK-NTB): Verdien av norsk eksport auka med 77,9 prosent i juni samanlikna med same månad i fjor. Krigen i Ukraina er ein del av årsaka.

Den totale eksportverdien i juni utgjorde 176,6 milliardar kroner, skriv Statistisk sentralbyrå. Importen av varer enda på 89,1 milliardar i juni, opp 20,1 prosent frå same månad i fjor. Dette gav eit handelsoverskot på 87,5 milliardar kroner, noko som er meir enn ei tredobling samanlikna med same månad i fjor.

Oppgangen er sterkt driven av høgare prisar på olje og gass på grunn av krigen i Ukraina.

(©NPK)

Publisert: 08.07.2022 12:12

Sist oppdatert: 08.07.2022 12:13

Mer om