Kort fortalt

Treg juli for europeisk næringsliv

Næringslivet i eurosona har så langt i juli hatt ein vanskelegare månad enn venta. Både tenestesektoren og industrien slit.

24.07.2023

Industriproduksjonen fall meir enn han har gjort sidan perioden då koronapandemien førte til ein bratt nedgang i den økonomiske aktiviteten. Samtidig har etterspurnaden etter tenester falle, ifølgje indeksen PMI, som den tyske storbanken HCOB står bak.

Indeksen blir rekna for å gi ein god peikepinn på kor sunn den økonomiske utviklinga er. I juli var indeksen på 48,9 poeng, det lågaste på åtte månader og ned frå 49,9 i juni.

Viss indeksen viser under 50, er det eit teikn på at økonomien krympar.

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters var det venta at indeksen ville hamne på 49,7 poeng. Dermed ser det ut til å stå dårlegare til med økonomien i eurosona enn det analytikarane hadde venta.

(©NPK)

Publisert: 24.07.2023 11:01

Sist oppdatert: 24.07.2023 11:01

Mer om