Kort fortalt

Tregaste hyttemarknaden på ti år

Fleire utanlandske kjøparar.

23.11.2023

(NPK-NTB): Ikkje sidan 2013 har hyttemarknaden gått tregare enn no. Likevel viser nye analysar frå DNB Eiendom ein auke i andelen utanlandske kjøparar.

– Prisane har falle, og det tek lenger tid å få selt, men vi må hugse at vi kjem frå ein periode med kraftig prisvekst og rekordlåg omsetningstid. No er vi meir tilbake på eit normalnivå med mindre aktivitet, seier sjef for hyttesegmentet i DNB Eiendom, Tone C. Krange, i ei pressemelding.

Gjennomsnittsprisen på ei norsk hytte er no på 2.699.000 kroner – ein nedgang på 2,6 prosent samanlikna med i fjor.

Som forventa er det største prisfallet i marknaden for innlandshytter, som hadde sterk vekst under pandemiåra 2020 og 2021.

Samanlikna med same periode i fjor er det omtrent 500 færre brukte hytter som er selde gjennom meklar. Sett mot 14 prosent i same periode i fjor, blir 11 prosent av hyttene no selde til foreslått pris.

Tida frå første gong ei hytte blir annonsert for sal, til ho blir registrert som selt, har auka frå 64 til 99 dagar.

Nybygg av fritidsbustader har stoppa heilt opp og er no på eit historisk lågt nivå. Krange spår at det nok ikkje vil ta seg opp igjen før etterspurnaden går opp. Ein trend som derimot har skote fart, er fleire utanlandske kjøparar av fritidseigedom i Noreg. Av hyttene som blir selde, utgjer utanlandske kjøparar 3,6 prosent.

– Svak krone og lågare prisar på fritidseigedom har ført til at utlendingane ser mot Noreg. I hovudsak er det kjøparar frå Skandinavia, men vi ser også kundegrupper frå kontinentet, seier Krange.

(©NPK)

Publisert: 23.11.2023 13:29

Sist oppdatert: 23.11.2023 13:29

Mer om