Kort fortalt

Trelastprisane går ned

Har falle frå historisk høgt nivå i fjor.

01.07.2022

Prisane på trelast har falle med 23 prosent frå august i fjor til juni i år, viser ei marknadsundersøking utført av Treindustrien.

Marknadsundersøking tek utgangspunkt i ein konstruksjonspakke på til saman 15–20 kubikkmeter trelast til ein einebustad på 160 kvadratmeter med terrasse og garasje.

– Prisane på trelast var i fjor på eit historisk høgt nivå. Vi ser at prisane fell som følgje av at det er betre forhold mellom tilbod og etterspurnad, seier administrerande direktør Heidi Finstad i Treindustrien i ei pressemelding

– Produsentane har senka prisane den siste tida. Trelast er ei viktig byggjevare. Når prisane blir reduserte, vil prosjekt lettare kunne gjennomførast som planlagt, seier ho.

Finstad fortel at dei får mange førespurnader om prisar, og det har vore mykje mediefokus på at prisane har gått opp.

– Det er ikkje det vi erfarer no den siste tida, prisane har falle betydeleg frå produsent, seier ho.

Publisert: 01.07.2022 08:43

Sist oppdatert: 01.07.2022 08:44