Kort fortalt

Trelastsalet fell som ein stein

Men eksporten går betre enn før.

23.08.2022

(NPK-NTB): I ei tid med rekordhøge prisar går salet av trevirke særs dårleg her i landet. Eksporten går derimot betre enn før.

Salet av trebaserte byggjevarer fall i juni og juli med nesten 40 prosent frå i fjor sommar, målt i volum. Det viser statistikk frå Treindustrien.

Fjoråret var rett nok eit rekordår, men også samanlikna med 2019 var sommaren i år dårleg. Salet fall med heile 28 prosent i forhold til det som nesten var eit normalår før pandemien.

Eksporten av trelast auka derimot i juli med vel 15 prosent frå same månad i fjor. Samtidig steig eksporten av sagtømmer vel 30,7 prosent.

Sagtømmerprisen for gran og furu har stige rundt 20 prosent det siste året, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

No er det varsla kraftig ordretørke i byggjenæringa på grunn av den makroøkonomiske situasjonen og dei høge drivstoffprisane, seier administrerande direktør Heidi Finstad i Treindustrien.

– Næringslivet treng tiltak som ikkje forverrar inflasjonen, og som samtidig gjer at ein unngår massepermitteringar i byggjenæringa, Noregs største fastlandsnæring, seier ho i ei pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 23.08.2022 08:39

Sist oppdatert: 23.08.2022 08:40

Mer om