Kort fortalt

Treningssenter nektar å betale husleige

Huseigar på Moa går til søksmål.

24.02.2021

Daeskogen Eiendom saksøker Family Sports Club for nær 1,2 millionar kroner mellom anna for manglande betaling av husleige, melder Sunnmørsposten.

Saka skal til behandling i Sunnmøre tingrett torsdag denne veka.

Family Sports Club meiner dei har rett til å få fullt avslag på leiga i ein periode frå mars til juni, då dei blei pålagt å stenge av styresmaktene, ifølgje sluttinnlegget frå treningssenteret.

Huseigaren meiner på si side at pålegget frå styresmaktene er uvedkomande for leigetakar, og eigedomsselskapet vil i tillegg til husleiga ha dekka felleskostnader, inndrivingskostander og forseinkingsrenter, går det fram i sluttinnlegget frå Daeskogen Eigedom.

Publisert: 24.02.2021 09:16

Sist oppdatert: 24.02.2021 09:17

Mer om