Kort fortalt
Trollstigen opnar for sommarsesongen
– Viktig veg for reiselivet.
20.05.2021
(NPK-NTB): Fylkesveg 63 over Trollstigen opnar for sommarsesongen føre pinsehelga.
Den populære turistvegen, som bind Valldal på Sunnmøre med Åndalsnes og Romsdalen, opnar som regel andre halvdel av mai dersom vêret tillèt det.
– Det er ein viktig veg for reiselivet i Møre og Romsdal, så vi er veldig glade for at vi kan opne til pinsehelga, seier byggjeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Trollstigen blir stengt 26. mai frå klokka 18 og utover kvelden grunna reparasjonar etter snøskredet i vinter, men held elles ope for sesongen.
(©NPK)
Publisert: 20.05.2021 15:48
Sist oppdatert: 20.05.2021 15:49