Trollstigen
OPNAR: Det betyr mykje for reiselivsbransjen at Trollstigen mellom Valldal og Rauma opnar. Det skjer i morgon. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Trollstigen opnar fredag

Gladmelding for reiselivet.

06.06.2024

(NPK-NTB): Møre og Romsdal fylkeskommune opnar Trollstigen fredag 7. juni etter å ha gjennomført ei grundig risikovurdering.

– Vi har landa på at vi kan opne om vi innfører ei rekke risikoreduserande tiltak, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Formålet med tiltaka som blir innførte, er å redusere eksponeringstida for trafikantar i dei mest utsette områda på vegen, og bidra til betre trafikkflyt.

– Vi såg at det var behov for ein skikkeleg gjennomgang av situasjonen i Trollstigen og tryggleiken til trafikantane for å kunne opne vegen, legg han til.

Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar for tida med eit forprosjekt for fjellsikring i Trollstigen. Rapporten er planlagd ferdigstilt hausten 2024.

(©NPK)

Publisert: 06.06.2024 16:21

Sist oppdatert: 06.06.2024 16:21

Mer om