NPK-NTB: Den spektakulære fjellovergangen og turistattraksjonen Trollstigen opnar allereie måndag klokka 12. Det er første gong vegen er open i april.
– I registera våre har vi data frå 1992, og der er 8. mai oppført som tidlegaste opning til no, seier kontrollingeniør Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune til Åndalsnes Avis.
Men i år blir altså opningsdatoen over ei veke tidlegare, 27. april.
Vegstykket på fylkesveg 63 i Rauma er vinterstengt i perioden oktober til mai, men blir rekna som ein stor turistattraksjon om sommaren. Trollstigen er ein av 18 nasjonale turistvegar og knyter Valldal på Sunnmøre til Åndalsnes og Romsdalen.
Trollstigvegen har elleve hårnålssvingar.
Tysdag vart det klart at det er fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal for å innføra bompengar i Trollstigen. Bompengane skal finansiera varig rassikring av vegen, som fleire gonger dei siste åra har vore stengde på grunn av ras og rasfare.
Publisert: 23.04.2026 08:33
Sist oppdatert: 23.04.2026 08:33





