Kort fortalt

Trollstigen opnar tidlegare enn planlagt

Har vore stengt sidan i fjor sommar.

09.07.2025

(NPK-NTB): Etter fleire månader med sikringsarbeid er det klart for opning av Trollstigen. Det skjer fredag 11. juli klokka 10.

Den populære turistvegen vart stengd i fjor sommar etter fleire steinsprang og stor skredfare. Tidlegare har det vorte meldt at Trollstigen skulle opna 14. juli, men no opnar vegen altså tre dagar tidlegare enn anslått.

– Det har vore ein utfordrande jobb i bratt og krevjande terreng, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding.

Sjølv om det framleis er fare for steinsprang, er dei planlagde strakstiltaka gjennomførte, og vegen kan nyttast, opplyser fylkeskommunen.

– Strakstiltaka reduserer risikoen i det meste utsette partiet, men det er ikkje ei varig løysing, understrekar Langlo.

Parallelt med strakstiltaka har fylkeskommunen starta eit prosjekt for varig sikring og utbetring av Trollstigen. Det skal finansierast gjennom eit bompengeprosjekt, som no er under utgreiing og tidlegast kan vera på plass i 2027.

Trollstigen er ein av dei meste populære turistvegane i landet, med om lag 1 million besøkjande kvar sesong.

(©NTB)

Publisert: 09.07.2025 11:07

Sist oppdatert: 09.07.2025 11:07

Mer om