Kort fortalt

Trur alle har fått vaksinetilbod i august

Kjem i mål utan Janssen-vaksinen.

20.04.2021

(NPK-NTB): Sjølv utan Janssen-vaksinen med i utrekninga, meiner no FHI at alle nordmenn skal ha fått tilbod om koronavaksine innan august er omme.

– Viss vi berre tek omsyn til Moderna og Pfizer, reknar vi med at den siste gruppa 18–45 vil få tilbod om første dose innan august månad, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) til VG.

Det er nyleg inngått avtalar med Pfizer om ytterlegare vaksineleveransar. Noreg får to millionar ekstra dosar i løpet av sommaren.

Frå mai til august får Noreg totalt ein stad mellom 4,7 og 5,3 millionar dosar av vaksinen frå Pfizer/Biontech. Berre i løpet av neste månad er det venta 1,1 millionar dosar.

(©NPK)

Publisert: 20.04.2021 09:32

Sist oppdatert: 20.04.2021 10:13

Mer om