Kort fortalt

Trur billegare ferje kan gi dårlegare tilbod

Kapasiteten kan bli sprengt.

10.03.2021

(NPK-NTB): Dersom ferjeprisane blir halverte eller fjerna heilt, vil tilbodet tidvis bli dårlegare, meiner to transportforskarar ved Handelshøgskolen i Bodø.

Reduserte ferjetakstar kan føre til at fleire reiser, som igjen kan medføre lengre køar og auka reisetid, fryktar Finn Jørgensen og Gisle Solvoll, som har analysert dei varsla priskutta i ein kronikk, ifølgje NRK.

Fleirtalet på Stortinget bad i februar regjeringa komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett i mai med forslag til reduserte ferjetakstar allereie for inneverande år og ein forpliktande plan for halvering av ferjeprisar på både riksvegs- og fylkesvegsamband.

I fjor sommar vart kapasiteten på ei rekkje ferjesamband i Nordland sprengt. Med billigare eller gratis ferjeturar kan dette skje oftare, meiner forskarane.

– Dei som er mest avhengig av ferje, vil då oppleve at dei må møte opp tidlegare for å komme med ønskt avgang, og reisetida aukar, skriv dei.

Jørgensen og Solvang konkluderer med at halvering i ferjetakstane vil gi eit årleg samfunnsøkonomisk tap på 0,6 til 0,8 milliardar kroner, medan gratis ferje vil gi tap på 1,3 til 1,7 milliardar

(©NPK)

Publisert: 10.03.2021 09:08

Sist oppdatert: 10.03.2021 09:11

Mer om