Kort fortalt

Trur Noreg kan sleppe EU-toll

Næringsministeren har håp om ein god dialog med EU

03.02.2025

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Noreg stålset seg for ein mogleg handelskrig mellom USA og EU, og regjeringa jobbar på høggir for å komme på innsida av EUs vernemekanismar.

Nesten all vår eksport går til europeiske land, men Noreg er ikkje med i EUs tollunion. Dermed risikerer vi å bli ramma viss EU innfører vernetoll i ein eventuell handelskrig med USA.

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) seier ho har håp om ein god dialog med EU. Tysdag deltek Noreg på eit møte i Polen med EUs handelsministrar.

– Vi ber om noko vi i utgangspunktet ikkje har krav på, men eg har tru på at det skal kunne handterast på ein god måte, seier Myrseth til NTB.

Donald Trump kunngjorde i helga at USA innfører 25 prosent toll mot nabolanda Canada og Mexico og 10 prosent toll mot varer frå Kina. Tidlegare har den amerikanske presidenten sagt at han også skal innføre toll mot EU, som i sin tur har varsla at det i så fall kjem mottiltak.

Bodskapen til EU-landa skal vere tydeleg på møtet tysdag, beskriv Myrseth: Noreg må ikkje rammast av eventuelle tiltak som blir sette inn i ein handelskrig.

Ho har tru på at Noreg har gode argument for å komme på innsida viss EU opprettar tollmurar.

– Vi har ein EØS-avtale som har tent begge partar veldig godt. Vi har ein gjensidig avhengnad av kvarandre, og vi har felles viktige verdikjeder i industrien, seier ho, men presiserer samtidig at vi enno ikkje veit kva tiltak som kjem dersom det bryt ut handelskrig mellom EU og USA.

Ho peikar på at alt frå sjømat til aluminium er viktige eksportvarer som EU-landa også treng. Berre 3 prosent av Noregs eksport går til USA, medan heile 68 prosent går til EU og 20 prosent til Storbritannia.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har lenge snakka om at regjeringa førebur seg på ein mogleg tilspissa handelskonflikt, og at det har vore kontakt med EU for å sikre Noregs stilling. Det er også noko av bakteppet for at regjeringa vektlegg å få unna etterslepet av EU-direktiv som ventar på å bli innførte i Noreg. Det er ein bodskap Myrseth også gjentek.

– Skulle det oppstå handelskrig, så kan det få store økonomiske ringverknader som kan påverke norske arbeidsplassar. Derfor jobbar vi intenst med dette, seier Myrseth.

På møtet måndag og tysdag er ministrar med ansvar for både konkurranse og handel frå heile Europa til stades. Konkurranseevne og handel står på dagsordenen.

– På den typen arena er det utruleg viktig at Noreg er, seier næringsministeren.

Ho skulle sjølv vore til stades på møtet, men no er det bestemt at statssekretær Vegard Grøslie Wennesland (Ap) reiser i staden. Myrseth vil ikkje seie noko om årsaka til dette.

– Er det fordi det kjem rokeringar i regjeringa som vil få følgjer for deg?

– Det vil eg ikkje kommentere, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 03.02.2025 10:54

Sist oppdatert: 03.02.2025 10:54

Mer om