Kort fortalt

Trur på høg aktivitet på sokkelen

Bransjeorganisasjon ventar auke fram til 2026.

16.12.2021

Bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass trur på ein nedgang i investeringane på norsk sokkel i 2022, men ventar vidare ein auke fram til 2026.

Dei samla investeringane for 2022 blir anslått til 174 milliardar kroner, noko som svarer til ein nedgang på 6 prosent frå 2021 til 2022 målt i faste prisar, opplyser organisasjonen i ei pressemelding.

Frå 2023 ventar Norsk olje og gass at investeringane vil auke igjen.

– Årets investeringsanalyse gir grunn til optimisme. Frå 2022 til 2025 ventar vi ei moderat stigning i investeringsnivået på norsk sokkel, seier sjeføkonom Ellen Bakken i Norsk olje og gass.

Ho meiner at tiltakspakken for oljenæringa som Stortinget vedtok i 2020, viser resultat no.

– Investeringsanslaget for 2022 indikerer omtrent same investeringsnivå for 2022 som vi forventa før pandemien. Det viser at tiltakspakken har fungert etter hensikta, seier Bakken.

I åra frå 2022 til 2025 trur Norsk olje og gass at investeringane vil stige frå 174 milliardar kroner til 192 milliardar kroner.

Publisert: 16.12.2021 15:35

Sist oppdatert: 16.12.2021 15:36